Ingunn Øyen og Olav Frøystein i mai 2009.        Foto: Lars Hoel

 

Heilagbrotet - eit lagnadsdrama om Ragna Asolfsdotter

Frå 21. til 24. mai 2009 presenterte me for fyrste gong, i samarbeid med Hordaland Teater, det historiske dramaet om Rika-Ragna som utandørsframsyning i vakre omgivnader i Simadal i Eidfjord kommune. Det vart ei stemningsfull og ugløymande kulturoppleving, der ein fekk oppleva friluftsteater i mektige omgivnader i eventyrlege Eidfjord inst i Hardangerfjorden.

Skodespelet "Heilagbrotet - eit lagnadsdrama om Ragna Asolfsdotter" er skreve av Torunn Ystaas. Segna fortel at Ragna Asolfsdotter (Rika-Ragna) sette mannen sin av på eit skjær, med den følgje at han omkom. Seinare ville ho gjera bot for syndene sine og gav midlar for å få reist Eidfjord kyrkje i 1309.

Rika-Ragna kjem tilbake 2.-5. juni 2011.