Spelsamling for Heilagbrotet
Rika-Ragna Teaterselskap - spelsamling i Eidfjord Samfunnshus 23.-24.10. 2010 Frammøte kl 1000.
No samlast teater-, kor- og danseinteresserte til spelsamling i Eidfjord Samfunnshus. Arnulf Haga er instruktør og produksjonsansvarleg med si verksemd Innspæll og han kjem sjølvsagt til Eidfjord og leier oss gjennom denne laurdagen og sundagen i oktober.
Me ynskjer alle dei som deltok i 2009 oppsetjinga tilbake og me vil svært gjerne ha med alle nye som er interesserte i å delta. Det er alt avtalt med Ingeborg Roverts at me skal ha eit eige opplegg for borna som skal vera med, både på spelsamlingane og når me etter kvart skal ut på spelplassen i Simadalen. Dersom du ikkje var med i fjor, ta ein kikk på bileta her på heimesida. Dei finn du under link for 2009 oppsetjinga.
Torunn Ystaas kjem med eit bearbeidd manus.
Me ynskjer at alle som har tenkt seg til Eidfjord desse dagane, melder frå til oss på e-post til rika-ragna@hotmail.com eller ved å ta kontakt med Destinasjon Eidfjord på telefon 53 67 34 00. Destinasjon Eidfjord kan og gje informasjon om overnatting for dei som ynskjer å overnatta i Eidfjord frå laurdag til sundag.
Frist for å melda seg til spelsamlinga 23.-24.10.2010 er 18.10. 2010. Det er viktig for oss som skal planleggja og gjennomføra dette å få oversyn over kor mange som kjem i god tid!!!!







