Ragna 9 år vert i 2011 spela av ei ung jente frå Voss
28. april 2011 gjennomførte Rika-Ragna Teaterselskap i samarbeid med Arnulf Haga og Monica Nestvold frå Teaterselskapet Innspæll AS, uttak til rolla som Ragna 9 år. Jenter frå Eidfjord og fleire av nabokommunane stilte opp på Samfunnshuset i Eidfjord torsdag ettermiddag saman med spente føresette. Spanande og skummelt å skulla by på seg sjølv framfor mange vaksne ein ikkje kjenner.Me møtte 6 modige jenter mellom 9 og 12 år. Katrine Isabel Jenssen frå Voss trakk lengste strået og skal spela den krevjande rolla Ragna Asolfsdotter som niåring. Ho entrar scena i nypremieren av spelet om Ragna Asolfsdotter 2.-5. juni i Simadal. I Heilagbrotet opplever den unge jenta å sjå mor si og dei to brørne sine bli slått i hel av illgjerningsmenn under eit åtak på kyrkja i Simadal . Det gjer dei truleg på oppdrag frå kongemakta i Noreg. Kongens vaktmann Gyrd Petersson kjem til staden og vert Ragna sin redningsmann. Som takk for det får han av hersen Asolf Simonsson, far til Ragna, ein gard og lovnad om å gifta seg med dottera når ho er fylt 15 år.







