Arntora Grundesdotter - morfaster til Ragna vert i nypremieren 2.-5. juni spela av Rut Tellefsen
Me er stolte og glade over å kunna meddela at Rut Tellefsen har takka ja til å spela Arntora i Heilagbrotet av Torunn Ystaas. Arntora er morfaster til Ragna og spelar ei sentral rolle i livet til den unge kvinna.
Rut Tellefsen debuterte på Det norske teatret i rolla som Kristin Lavransdatter. Kjent for et stort norsk publikum, vart ho gjennom si TV-teatertolking av Gunnhild i "Den fjerde nattevakt" av Falkberget. Ho har hatt store roller av Ibsen, Strindberg, Tsjekov og Shakespeare og moderne dramatikarar som Norén, Enquist og Fosse. Vil du vita meir om denne fantastiske skodespelaren? Ta ein tur til heimesida hennar www.ruttellefsen.no. Me gler oss til å sjå henne på scena i lag med dei andre skodespelarane i Simadal.







