Boka Heilagbrotet av Torunn Ystaas er for salg i Eidfjord og utvalde bokhandlar
Ei fin gåve til deg sjølv og andre.
På Aschehoug sine heimesider skriv Torunn Ystaas:
Kongen sin vaktmann, gjest Gyrd Petersson Aga, som er sett til å vakta kongemakta sine interesser inst i Hardanger, blir uventa redningsmannen til Ragna Asolfsdotter, 9 år, under eit brått åtak på kyrkja og kyrkjefolket, der mor og brørne til Ragna blir hogne ned. Som takk frå far til Ragna, hersen i Simadal, Asolf Simonsson, får Gyrd ein gard og lovnad om giftarmål med dotra når ho er fylte 15 år. I denne pakta ligg og hersen sin trong til forsoning mellom kyrkje- og kongemakta.
Men Ragna forsonar seg ikkje med giftarmålet og nektar husbonden samliv. Motvilje veks til ulmande hat overfor ektehusbonden som vanvyrder kristentrua og lever i heidenskap med frille og ein veksande barneflokk, og Gyrd sitt tålmod løyner trong til hemn. I framhaldet av hersen Asolf sin død, forsterkar striden seg mellom dei to ektevigde, og fører fram til ektehusbonden sin død og Ragna Asolfsdotter sitt livs avgrunn.
I brytingstida mellom norrøn tru og den nye kristentrua, skjer handlinga i "Heilagbrotet" på det indre planet mellom tvil og tru, hemnlyst og forsoning. Skodespelet avdekkar sannsynlege bakgrunnar i tida som på folkemunne forma segna om Ragna Asolfsdotter si offergjerning og oppreising av steinkyrkja i Eidfjord tidleg på 1300-talet, før svartedauden la heile bygda aude i 1349.