Fotoutstilling på Skredhaugen Lofthus opnar 29.6. 2011 kl 1800
Det er bilete som Agurtxane Concellon har teke på oppsetninga av Heilagbrotet av Torunn Ystaas i samband med nypremieren 2.-5.6. 2011, som vert presenterte på denne utstillinga. Agur er fotografen som har vore ansvarleg for plakaten for Heilagbrotet i 2011 og for program og brosjyre.
Utstillinga er kome til på initiativ frå Per Nornes i Skredhaugen vener. Per Nornes er også styremedlem i Rika-Ragna Teaterselskap, han var den som sytte for at me hadde 7 hestar med i spelet og fleire kjekke unge gutar frå Hardanger Folkehøgskule på og rundt scena. Sist, men ikkje minst hadde han fleire roller sjølv i spelet om Rika-Ragna. Me takkar venelaget og Hardanger Voss Museum for at dei har gjort det mogeleg for oss å få presentera desse flotte bileta.
På utstillinga vil det og vera mogeleg å få kjøpt boka Heilagbrotet av Torunn Ystaas. Denne innheld manuskriptet frå nypremieren i 2011 og bilete av fleire lokale og regionale fotografar frå førebuingane og urpremieren i 2009.
For dei som vil læra meir om bakgrunnen for spelet om Rika-Ragna er det mogeleg å få tak i programmet for oppsetninga i 2011.
Utstilllinga er open til 7. august 2011 i opningstida til Skredhaugen i sommar:
onsdagar frå kl 1700-2000 og laurdag og sundag frå kl 1200-1700.
Me ynskjer gamle og nye vener av Heilagbrotet av Torunn Ystaas velkomne!







