Informasjon om billettsal for 2011
Sundag 5.6. er billettar å få kjøpt på spelplassen i Simadal frå kl 1700 og på Vøringfoss og Eidfjord Fjell og Fjord Hotel heile dagen.
Billett pris: born under 16 år kr 160,- / vaksne kr 280,-
Kjøp billett til Heilagbrotet på www.billettservice.no. Her kan billettar kjøpast til 1 time før kvar førestilling på stader der det kan takast ut billettar med ein gong. Premieredagen er salet på www.billettservice.no stengd då det her er kun få billettar att.
Det er mogeleg å kjøpa billettar ved inngangen alle dagar.
Billettar kan kjøpast hjå Destinasjon Eidfjord, sjå www.visiteidfjord.no
torsdag, fredag og laurdag (opningstider, sjå under).
Sparebank 1-filialer i Hardanger og på Voss som har ope fredag sel billettar.
Du får billettar på servicetorget i desse kommunane i Hardanger fram til og med onsdag 1.6. 2011:
- Eidfjord (har billettar på fredag og)
- Ullensvang
Det er billettsal frå Eidfjord Fjell og Fjord Hotell og Vøringfoss Hotell i Eidfjord sentrum i heile spelperioden.
Eventuell førehandsbestilling må gjerast på telefon 53 67 34 00, Destinasjon Eidfjord (Turistkontoret). Opningstider i spelperioden:
Torsdag kl 1130 - 1700
Fredag kl 0900 - 1800
Laurdag kl 1000 - 1800
Sundag stengd
Abonnentar Bergens Tidende som har gyldig BTkort frå 2011, får ved framvisning av kort, billettane til rabattert pris: born under 16 år kr 130,- / vaksne kr 230,- i samsvar med reglane for fordelsprogrammeet til Bergens Tidende. Sjå www.bt.no/btkortet for meir informasjon.
Dersom du var ein av dei som flykta frå uveret premieredagen 2.6. 2011, ta med deg billetten(ane) og kom atttende sundag 5.6. 2011 så får du oppleva Heilagbrotet av Torunn Ystaas ein gong til, i anna ver.







