2009-oppsetjinga
•Plakaten (Pdf, 840 Kb)
•Kyrkjedramaet frå Eidfjord
•Handlinga i "Heilagbrotet"
•Instruktør
•Dramatikar
•Scenograf
•Komponist
•Musikalsk leiar
•Musikarane og songarane
•Oversikt over aktørar, henta frå programheftet
•Rolleliste, henta frå programheftet 2009
•Nettsidas rolleliste
•Dei profesjonelle aktørane på scena
•Stab 2009
•Hordaland Teater
•Produksjonsstyret 2009
•Sponsor
•Bilete frå 2009
•Nytt frå 2009
Segna og skodespelet
Dramatikaren Torunn Ystaas har skrive det høgdramatiske skodespelet om Ragna Asolfsdotter; om kvinna som budde i Eidfjord på slutten av 1200–talet.
Nokre ord på ei steintavle i gamle Eidfjord kyrkje er det einaste me heilt sikkert veit om kvinna Ragna Asolfsdotter. Men ut ifrå den enkle bodskapen på steintavla veks det no fram ei historie om Ragna, som skal ha hatt den makelause garden sin i Simadal og ått andre gardar og eigedom elles. Handlinga finn stad på slutten av 1200–talet, og me får bli kjent med mange særprega karakterar rundt Ragna Asolfsdotter.
Ragna skal ha sett mannen sin av på eit lite skjer, og mannen omkom. Så skal angeren ha kome over Rika-Ragna, og for å bøta for syndene sine gav ho midlar for å få reist steinkyrkja. Slik kjenner me historia frå den velkjende segna, men skal tru om me ikkje snart skal få vita meir om kvinna Ragna Asolfsdotter og hennar rike i Simadal.







