Premiererapport 2009
21.5.2009: Suksessen er eit faktum. Til rungande applaus gjekk ensemblet av scena på spelplassen i Simadal torsdag 21. mai. Urpremieren på ”Heilagbrotet – eit lagnadsdrama om Ragna Asolfsdotter” vart imotteken med begeistring av eit fullsett amfi. Det vart verkeleg ei uforgløymeleg oppleving for dei 495 publikumarane. Monica Nestvold sin scenografi var stilfull og elegant, men ekstra makalaus var nok scenografien i bakgrunnen til sjølve sceneområdet. For her kneisar dei majestetiske fjella på kvar si side av den vakre Simadalsfjorden og utgjer eit bakteppe som kun vår herre kan ha vore meister for. I eit praktfullt maivêr fekk folk ei uvanleg stemningsfull oppleving som dei truleg ikkje vil gløyma nokon gong.
Torunn Ystaas sitt skodespel viste seg å vere ei dramatisk og spanande historie, og instruktøren, Arnulf Haga, har hatt ei sikker hand om regien. Skodespelet baud på mange utfordringar regimessig, for historia går føre seg på fleire plassar i landet. Og i tillegg var det naudsynt med fleire hopp i tida – og slikt er særs krevjande for ein instruktør å ta hand om på ein slik måte at publikum forstår det heile.
Rundt 80 aktørar stod fram på scena. Dei profesjonelle var sjølvsagt imponerande gode i sine roller, men kanskje er det likevel amatørane som skal få den aller største blomen. Dei gjorde ein utruleg innsats frå byrjing til slutt. Dei fire profesjonelle skodespelarane var Bjørn Skagestad, Ingunn Øyen, Kyrre Haugen Sydness og Randolf Walderhaug, og dei syntest å vera som skapt for sine rollefigurar.
Musikk og kor var eit kapittel for seg. Henrik Ødegaard hadde komponert fleire musikkstykker til førestellinga, og her fann me både gregoriansk song, meir folkemusikkprega tonar og eit stormparti. Dei spesialskrevne musikkstykka var uendeleg vakre og passa perfekt til soga. Så må me nemne dei fem fyrsteklasses musikarane Ivar Kolve, Laila Kolve, Erling Wollestad, Asgeir Søfteland og Magnus Brandseth, som med eineståande innleving framførte musikken. Rika-Ragna-koret bidrog på mykje av det musikalske, og det høyrdest nydeleg og vakkert ut. Dei vel 20 songarane i koret fekk også god hjelp av dei to solistane Ørjan Hartveit og Sylvia Skeie Vik.
Men instruktør Haga kunne trekkje fleire kort opp av hatten. For i éi scene får me sjå ein av landet sine fremste dansarar, Lone Torvik, i ein svært vakker dans. Mektig var det også med bruk av åtte hestar, som Per Nornes hadde ansvaret for.
Ein gjer seg mange tankar om kva innsats som ligg bak dette prosjektet, som starta med ein idè og nokre visjonar for to-tre år sidan. Ei mengde eidfjordingar og andre hardingar har vore med å trekkje lasset, og då tenkjer ein spesielt på alle dei bak scena. Ein kan ikkje nemna navn, men lista over dyktige hjelparar er lang. (sjå 2009-førestellinga/Stab)
Det vart uforgløymeleg, og me er visse på at samtlege 495 kjem tilbake neste gong dramaet om Rika-Ragna skal framførast.







